Reise med Telemark Bilruter

Kva kan du vente av reisa di med våre ekspressbussar?

Telemark Bilruter er stolte av å vera ein del av NOR-WAY Bussekspress. Me er glade og stolte over at så mange kundar vel nettopp oss når dei skal ut å reise. Lojale kundar gjer oss audmjuke, og det krev at me gjer det me kan for deg som reisande på kvar einaste avgang, kvar dag, heile året. ​Når du reiser med våre ekspressbussar, kan du vera trygg på at me har landets aller beste sjåførar, som har som si viktigaste oppgåve å få deg trygt og komfortabelt fram. Bussane våre har setebelte og i tillegg barnesete. 

Sjåførane våre vil sørge for at du får nødvendig informasjon undervegs. Du kan slappe av, lene deg tilbake i våre komfortable sete med nedfellbar rygg, fotkvilar og ekstra god plass til beina og nyte utsikten. Klimaanlegg sørgjer for at det er behageleg temperatur og frisk luft, uansett årstid. Alle våre ekspressbussar har toalett og sølvbetjente kaffeautomatar, og det er gratis Wi-Fi og 230 volt straumuttak i dei fleste bussane.

Bussane våre er moderne og har låge utslepp av klimagassar og partiklar, og er difor eit svært miljøvenleg alternativ til bil og fly. Når det gjeld utslepp per. person kan verken privatbil eller fly måle seg med ekspressbussen. Ein tur med oss er også ei oppleving i seg sjølv: kall det gjerne rein reiseglede. Me meiner ekspressbussen rett og slett er det beste reisealternativet og bør dermed også vera eit opplagt val for den miljømedvetne. 

Fleire av attraksjonane Sør-Noreg har å by på ligg spreidt og kan opplevast som noko utilgjengeleg sett med urbane auge. Og dette er litt av sjarmen med det "urørte" Noreg. Heldigvis er det godt samsvar mellom det som er verdt å sjå og rutenettet til NOR-WAY Bussekspress. Ekspressbussane gjer landet tilgjengeleg for turistar fra inn- og utland. Me bind by og land sammen - også på nett via vår nettside nor-way.no og telemarkbil.no.

Ta familien med på ei bussreise saman med oss. Mange har opplevd fine turar saman med oss og andre medpassasjerar i løpet av dei åra me har trafikkert norske vegar. Me prøvar å gjere reisa så komfortabel som mogleg for både store og små. Vårt eige reisemagasin, "Underveis" byr på spennande lesnad og litt hjernetrim. På bussen kan heile familien kose seg og nyte reisa i trygg forvissing om at andre tar seg av transporten. Litt lesing, fargelegging og nokre gode historiar, så er du framme ved haldeplassen der slekt og vener ventar på ein god klem.