Telemarkekspressen

Foto: TBR-Lavine

Med ei ideell blanding av attraksjonar, vakker natur, historie, kultur og underhaldning er Telemark den rette staden å nyte ei helg eller ein ferie. Telemarkekspressen køyrer deg enkelt og direkte til Telemark med forbindelse til Hardanger og Vestlandet på enkelte avgangar - eller om du skal vidare ut i verda - med fly frå Torp.

Telemarkekspressen køyrer strekningen Seljord - Bø - Ulefoss - Skien - Porsgrunn -Langangen krysset - Ringdal (Larvik) - Danebuåsen ( Sandefjord)- Torp - Tønsberg. Me har og hyppige avgangar til Torp Lufthavn,  der vi har gode forbindelsar med flyrutene til inn- og utland. Bussane våre er moderne og komfortable og har 230 volt straumuttak og toalett om bord. Det er og mogleg å kjøpe brus ombord.

- I Bø er det korrespondanse med Haukeliekspressen, til og frå Vestlandet, inntil tre gonger i døgnet, og i Seljord med Vest-Telemark fire gonger i døgnet.  

Kaffetørst?

Gratis kaffe til alle våre passasjerar om bord i Telemarkekspressen.

Reisekort frå Telemark Bilruter og TFK

For å kjøpe elektroniske reisebevis som gjeld for Telemark fylke (periodekort Vaksen, UngVaksen, Barn, Honnør, Ungdom, Student) må du ha eit busskort frå Telemark Bilruter. Informasjon om lokale reisekort, sjå telemarkbil.no.

Hittegods

Har du gløymt att noko på Telemarkekspressen? Fyll ut dette skjemaet.

Rutekart