Haukeliekspressen

Foto: Telemark Brand Image

Telemark strekkjer seg frå kyst til fjell med store variasjonar i landskap og særpreg. Frå sørlandsidyll ved kysten, via frukthagane i Midt-Telemark til høgfjellet med den mektige Hardangervidda.

Haukeliekspressen stoppar bl.a. i Asker - Drammen - Kongsberg - Seljord - Åmot - Haukeli - Røldal og Aksdal før den endar opp i Haugesund. Gjennom samarbeid med Skyss har me korrespondanse på Seljestad vektstasjon med lokalbuss linje 930 som køyrer vidare til Bergen busstasjon. Reiser du frå Bergen køyrer linje 930. Sjå Skyss perrongoversikt. På Haukeligrend er det korrespondanse med rute nr. 221 Setesdalsekspressen med moglegheit til å kome til Hovden og Kristiansand.

Bussane våre er moderne og komfortable og 230 volt straumuttak og toalett om bord. 

Spar tid og pengar - kjøp billett på førehand!
Kjøper du billetten din på telemarkbil.no før du reiser, får du alltid ein billigare pris enn om du kjøper billetten på bussen. Ekstra billig blir det hvis du kjøper tur og retur på same billett. 

Møt opp i god tid slik at bussen kan køyre til rett tid, og ha billett, pengar, kort og ev. legitimasjon klar ved påstigning.

Kaffetørst? 

Gratis kaffe til alle våre passasjerar ombord i Haukeliekspressen, Oslo- Haugesund.

Kort stopp på serveringstad i Åmot: "Heimat Vinje"

Heimat i Vinje - ein hyggeleg kafe ved E134 mellom Bergen og Oslo. I kafeen får du ekte husmannskost, middag, lunsj, påsmurt og à la carte. Tar du Haukeliekspressen frå Oslo, Bergen eller Haugesund? Då kan du tinge på førehand i nettbutikken Heimat.no, og hente når bussen stoppar i Vinje.

Forseinkingar

Rute NW180 Haukeliekspressen køyrer over fjellovergangen Haukelifjell. Været kan iblant vera utfordrande og forseinkingar kan intreffe for eksempel ved kolonnekøyring. Me ber deg som reisande å ta hensyn til dette når du planlegg reisa. Sett av god tid til eventuell vidare reise.

Reisekort frå Telemark Bilruter og TFK

For å kjøpe elektroniske reisebevis som gjeld for Telemark fylke (periodekort Vaksen, UngVaksen, Barn, Honnør, Ungdom, Student) må du ha eit busskort frå Telemark Bilruter. Informasjon om lokale reisekort, sjå telemarkbil.no.

Hittegods

Har du gløymt att noko på Haukeliekspressen? Fyll ut dette skjemaet.

Rutekart