Foto: TBR

Hovudkontoret for Telemark Bilruter er lokalisert i Seljord.

Lokalisering og verksemd

Telemark Bilruter AS (TBR) har hovudkontor i Seljord (finn kjørerute), med avdelingskontor i Vinje, Vrådal og Skien og ekspedisjonar i Åmli, Treungen, Fyresdal og Dalen. Hovudverksemda til selskapet består av lokalruter, ekspressruter, turkøyring og godstransport. Godstransporten er i hovudsak organisert i dotterselskapa Telemark Transportservice og Telemark Godslinjer. 

Eigarstruktur og organisasjon

TBR er eigar av tre hovudgrupperingar beståande av privatpersonar, Vest-Telemark kommunane og andre bedrifter. Styreleiar i Telemark Bilruter er Hilde Fjellheim og disponent er Svein Olav Straand.

Bemanning og vognpark

I 2017 var det 171 tilsette i Telemark Bilruter som omrekna i årsverk utgjer 129. Ved utgangen av 2017 bestod vognparken av 86 registrerte køyretøy fordelt på 68 bussar, fem kombibussar, et vogntog, tri lastebilar, seks småbilar⁄tilhengarar, tre veteranbussar og to veteranlastebilar.
 

Nøkkeltal og produksjon

TBR hadde ei omsetjing i 2017 på 133 mill.kr., resultat før skatt var på 7,6 mill.kr. og eigenkapitalgraden var på 68,4%. Årsproduksjonen var på 4,9 mill km i 2017. 

Konsernet

Organisasjon og eigarstruktur:
Konsernet Telemark Bilruter består i dag av dotterselskapa: Telemark Godslinjer AS (TG), Telemark Transportservice AS (TTS), Telemark Transport & Spedisjon AS og Telemark Ekspressbusstrafikk AS (TET). I tillegg kjem Agder Buss AS (AB) som er eit tilknytta selskap.

Lokalisering, bemanning og omsetning

TF held til i Seljord, TTS og TET er lokalisert i Skien og AB held til i Arendal. Det var 288 tilsette i konsernet som i 2017 hadde ei omsetjing på 247 mill kr. 

Persontransport

Lokalruter: Telemark fylkeskommune er hovudoppdragsgjevar for lokalrutene innanfor kommunane, Vinje, Tokke, Kviteseid, Seljord, Nissedal, Fyresdal og Bø. For Aust-Agder fylkeskommune køyrer Agder Buss lokalrutene i Åmli, Gjerstad, Vegårshei, Risør og Tvedestrand. 

Haukeliekspressen (NOR-WAY) blir køyrd i samarbeid med Tide Buss og trafikkerer strekninga Oslo - Drammen - Kongsberg - Notodden - Bø - Seljord - Åmot - Haukeli - Bergen⁄Haugesund med inntil tre daglege avgangar kvar veg.

Telemarkekspressen (NO-WAY) trafikkerer strekninga Seljord - Bø - Ulefoss - Skien - Larvik - Sandefjord - Torp - Tønsberg med inntil 16 daglege avgangar kvar veg med vidare korrespondanse med tog⁄buss til Oslo og Gardermoen. Mellom Bø og Skien har Telemarkekspressen inntil 30 avgangar kvar veg måndag til fredag.

Grenlandsekspressen (NOR-WAY) er saman med Telemarkekspressen drifta i Telemark Ekspressbusstrafikk som er heileigd av Telemark Bilruter og trafikkerer strekninga Grenland - Siljan - Hvittingfoss - Drammen - Oslo med elleve daglege avgangar kvar veg.

Kanalbussen køyrer strekninga Skien - Ulefoss - Lunde - Kviteseid - Dalen i sommarhalvåret i samband med båttrafikken på Telemarkskanalen.

Godstransport

Langtransport: Telemark Godslinjer AS trafikkerer strekninga Oslo⁄Vestfold - Bergen⁄Haugesund for Schenker med ti vogntog over Haukeli. Selskapet har også ti trelastbilar (tre med kran) i køyring for Bergene Holm og andre kundar i Sør Noreg.
Renovasjon og slamkøyring: Telemark Godslinjer har også renovasjons- og slamkøyringa for Renovest i Vest-Telemark.

Distribusjon: Telemark Transportservice AS har distribusjonskøyring for Schenker i Grenland og Vestfold, medan Telemark Transport & Spedisjon tek på seg oppdrag for andre kundar i det same området.

Stykkgods: Telemark Bilruter har 4 stykkgodsbilar som dagleg distribuerer varer frå Schenkerterminaler i Sandefjord til kundar i Midt- og Vest-Telemark.

Kombinertbussar trafikkerar dagleg strekninga Seljord - Vrådal - Treungen - Fyresdal og Vinje - Haukeli/Rauland med varer og passasjerar.