Litt om vår historie som rutebilselskap i over 100 år

Stamtavla 2010

Stamtavla seier ein del om utviklinga frå 1910 og fram til i dag:

Det ligg både geografi og historie bak realitetane i rutebilselskapet Telemark Bilruter AS. Namnet kom som ein konsekvens av fusjonen mellom Vest-Telemark Bilruter LL og Grenland Nord trafikkselskap as i 1998. Begge selskapa hadde solid stamtavle i porteføljen. Vest-Telemark Bilruter hadde naturleg nok røtene sine i Vest-Telemark. Det fyrste bilrutetiltaket på desse kantar slo rot i Fyresdal i 1909. Året før hadde den fyrste rutebilen her i landet kome på hjul. I 1910 kjøpte "Fyresdal Automobilselskab" ein franskbygd bil - ein "La Buire" - og etablerte den fyrste bilruta i Vest-Telemark! Den rutebilen var ein av 320 bilar her i landet på det tidspunktet og fekk det kongelege registreringsnummeret H 7.

Fyresdal Automobilselskab. Den franskbygde bilen "La Buire" med det kongelege registreringsnummeret H 7.

I 1911 sette framsynte karar i Vinje og Mo hjul under eit prosjekt som det lyste framtid av - å "skjusse med motorvogner fraa Dalen yver Haukelidfjell og sidevegjer". Dermed var "Automobillaget Haukeli" ein realitet.

Automobillaget Haukeli.

Det voks fram fleire billag i Lårdal, Mo, Rauland og Vinje i åra som fylgde. Me finn spor etter rutebilpionerar i alle desse bygdene, mellom andre Bjørn Gardsjord i Rauland/Vinje og Olav Lie og sønene hans i Skafså. I Seljord entra dei rutebilalderen i 1919 med "Seljord Automobillag". Turisme, hotell og reiseliv var hovudgrunnlaget for alle desse bilrutene.

Seljord Automobillag sin buss på ruta Flatdal-Seljord-Bø. Biletet er truleg frå tidleg i 1920-åra. Bilmerke: Studebaker. Sjåføren er Tor Sannes, Flatdal. Han køyrde i mange år. Det hende han måtte bera mjølsekker opp Sandsdalbakken når motoren ikkje orka. Bussen blei i daglegtale kalla "Sannesen".

Det var også drivkrafta bak den vidare veksten lenger sør i Vest-Telemark. I 1920 vart bilruta Treungen-Vrådal-Smeodden (Kviteseid) etablert med den legendariske rutebilpioneren frå Nissedal, Tjostov Fossli, ved rattet.

I 1920 vart bilruta Treungen-Vrådal-Smeodden (Kviteseid) etablert med den legendariske rutebilpioneren frå Nissedal, Tjostov Fossli, ved rattet.

På Straand i Vrådal hadde det vore skysstasjon i lange tider då automobilen blei utvikla. Både Olav Straand, sonen Johan og sønene hans att, skyssa med hest i alle retningar i tiår etter tiår. Dei dreiv gjestgjeveri og hotell òg. I 1917 kjøpte Johan Straand seg bil - ein Devids 7-setar. Det blei ikkje den siste. Den eine bilen etter den andre med spennande namn kom til Johans stall - Briskov, Dodge, Durant, Ford og Chevrolet. Det kunne bli rutebilselskap av slikt, og det blei det - Straand Bilruter.
Dermed var det rutebilselskap både i Fyresdal, Nissedal og Vrådal. I 1952 slo dei tri rutebilselskapa seg saman til F.V.N.-Billag AS. Då hadde billaga i dei øvre bygdene i Vest-Telemark alt ni år tidlegare fusjonert til Vest-Telemark Billag LL.

Straand Bilruter. "Blåen". Chevrolet lastebil med vedgass og fullt lass. 1938 modell. Vedgass frå 1943.

I den 20-årsperioden som nå fylgde, var mange dyktige rutebilmenn med og drog rutebilnæringa i Vest-Telemark framover. Det er særleg grunn til å nemne disponentane Olav Hovelsrud i Vinje og Jon Straand i Vrådal. Dei hadde vore sterke drivkrefter kvar på sin plass i lang tid før fusjonen i 1972 og heldt energisk fram i eit uvanleg godt og konstruktivt samarbeid etterpå. Alt på 1950-talet var ei samanslåing av alle rutebillaga i Vest-Telemark på tale. I 1972 blei det ein realitet. Det nye selskapet fekk namnet Vest-Telemark Bilruter LL.

Vest-Telemark Billag, Seljord Billag og Fyresdal/Vrådal/Nissedal Billag gjekk inn i det nye selskapet Vest-Telemark Bilruter LL 1972.

Dei røynde leiarane heldt fram i mange år, men i 1976 henta styret inn ein yngre kar - Kjell Gunnar Heggenes. Han vart disponent ei tid seinare og kom til å spele ei avgjerande rolle i utviklinga av dette rutebilselskapet så å seie ut heile hundreåret, fyrst og fremst saman med eit nytt skot på Straand-stamma, nåverande disponent Svein Olav Straand. I boka"Bakke opp og bakke ned"(Utg. 1997) kan ein lese meir spennande historie om framveksten av rutebildrifta i Vest-Telemark!

NY TID I GAMAL DRAKT

Ein av våre veteranbussar med vår veteran-sjåfør Ansgar på tur frå Kviteseid til Rjukan med avis-stafettpinnen i samband med 100 årsmarkeringa for unionsoppløysinga.

FRISK SATSING I 1980- og 1990-ÅRA

Legg me oss i hjulspora etter Vest-Telemark Bilruter frå 1972, blir me med på ein spennande tur og ein eventyrleg vekst. Godsdivisjonen tok ny sats og utvikla seg enormt. I dag er Telemark Bilruter ein av dei største transportørane for Linjegods her i landet. Dotterselskapet,Telemark Transportservice as, hadde ei linjegodsrelatert omsetjing i 2001 på omlag 15 millionar kroner.

Telemark Bilruter driv i tillegg turkøyring med topp moderne materiell og erfarne sjåførar. Samkøyring mellom båtane på Telemarkskanalen og Kanalbussen er blitt ein stor suksess. Det tradisjonsrike rutebilselskapet var også tidleg ute med ekspressruter.

Haukeliekspressen - trygt over fjeller

Selskapet var også tidleg ute med ekspressruter. Haukeliekspressen starta opp i 1986. Suleskarekspressen køyrde fyrste turen i 1990. I dag bind selskapets ekspressruter saman store delar av Sør-Norge. By- og Landekspressen knyter Vest/Midt-Telemark opp mot Grenlandsregionen. Strukturendringar på rutebilmarknaden i 1980- og 1990-åra enda opp med storfusjonen mellom Vest-Telemark Bilruter og Grenland Nord trafikkselskap i 1998. På denne måten vart to solide og tradisjonsrike selskap vidareført i ein ny og livskraftig organisasjon.

Telemarkekspressen - mellom land og by

VIDARE UTVIKLING

"Flybussen" frå Seljord-Skien til Torp flyplass- kom i drift frå 1. januar 2002. Denne ruta går under namnet Telemarkekspressen. By- og Landekspressen er dermed blitt ein integrert del av Telemarkekspressen og har falle bort som begrep. TELEMARK BILRUTER vil halde fram med å fylgje med tida og utviklinga og vere eit miljøvenleg alternativ til privatbilismen. Med andre ord: TELEMARK BILRUTER FRONTAR FRAMTIDA.