NW182 Telemarkekspressen og NW180 Haukeliekspressen. Omkjøring ved stengt tunell Sjøormporten

Telemarkekspressen endringar frå 25. februar 2019

Tunellen «Sjøormporten» på RV36 Manheimstrondi vil i periodar vera stengt og NW182 Telemarkekspressen og NW180 Haukeliekspressen vil då nytte omkjøringsveg FV3328 Garvikstrondi.

 Periode frå 23.september til og med 30. november 2019: 

  • Haukeliekspressen køyrer Garvikstrondi og vil ha inntil 15 minuttar tidlegare avgang, og 15 minuttar seinare ankomst på strekningen Seljord til Åmot.
  • Telemarkekspressen køyrer Garvikstrondi og vil ha inntil 15 minuttar tidlegare avgang frå Seljord, og 15 minuttar seinare ankomst til Seljord.
  • Haldeplassane «Seljord kyrkje» og «Seljord banken» vil ikkje bli betjent av Haukeliekspressen og Telemarkekspressen.
  • Strekningane: Åmot-Haugesund-Bergen. Bø-Skien-Torp-Tønsberg er i liten grad berørt av desse endringane.
  • Rutetabellar ligg her: www.telemarkbil.no

 

Periode frå 1. desember til og med 5. januar 2020: 

  • Sjøormporten åpnar og Haukeliekspressen køyrer ordinær trase RV36 Manheimstrondi.
  • Sjøormporten åpnar og Telemarkekspressen køyrer ordinær trase RV36 Manheimstrondi.
  • Haldeplassane «Seljord kyrkje» og «Seljord banken» vil ikkje bli betjent av Haukeliekspressen og Telemarkekspressen.
  • Rutetabellar ligg her: www.telemarkbil.no (Blir lagt ut når dei er klare)

Reiseplanleggar på www.nor-way.no er til ein kvar tid oppdatert med korrekte rutedata.