Tips og råd

Tips og råd som kan gjera reisa di så enkel som mogleg

Billetten

Ved å kjøpe billett på telemarkbil.no kan du sikre deg dei mest prisgunstige billettane. 

Bagasjen

Mange koffertar ser like ut. Gjer du din litt meir spesiell, er den lettare å finne att, og du hindrar andre reisande i å ta feil. Merk bagasjen med navn og adresse og kanskje eit lite, personlig preg. 

Møt opp i god tid

For at bussen ikkje skal køyre frå deg, er det viktig at du møter opp i god tid på haldeplassen. På dei fleste større bussterminalar og rutebilstasjonar er det mogleg å gå om bord 10 til 15 minuttar før avgang. På haldeplassar undervegs må du stå på haldeplassen og gje tydelig teikn til sjåføren. Vis fram den forhåndskjøpte billetten til sjåføren når du går ombord på bussen, saman med eventuell legitimasjon dersom du reiser med rabattert billett. Dersom du ynskjer å kjøpe billetten på bussen ber vi deg ha kort eller kontantar klar ved påstigning.

Vis tydeleg teikn!
For at sjåføren skal forstå at du skal vera med bussen, er det viktig at du gjer tydeleg teikn når du står på haldeplassen. Strekk ut armen.

Beregn god tid på utfartsdagar

Erfaringsmessig er det mykje bilar på vegane på store utfartsdagar og inn mot helg. Dette kan skape ekstra kø i og rundt storbyane med fare for forseinkingar på alle våre ruter. Ta også høgde for at bussen då kan kome litt seinare enn oppsett rutetid.

Barn som skal reise med buss

Har du barn som skal reise åleine, er det fint om du som føresett fortel barnet litt om kva som ventar dei. Barnet må vera i skulepliktig alder og kunne ta vare på seg sjølv under bussreisa. Barnet må følgjast til bussen av føresett og må kunne vise fram informasjon med navn og nummer til ein ansvarleg vaksen som sjåføren kan ringe til om det skulle skje noko uføresett.

Eit lite tips som kan gjera reisa spennande og morosam for barnet er å lage ei lita reiseveske for bussreisa. Nokre tegnesaker, bok å lese, evt. ei lita aktivitets-leike som barnet kan ty til om det blir litt kjedeleg.  

Til flyplassen

Skal du ut å flyge, bør du berekne god nok reisetid til flyplassen og hugs at det kan vera kø ved innsjekking og sikkerhetskontroll. Følg også anbefalingar frå flyselskapa og flyplassane.