Sikker netthandel

Verified by Visa og MasterCard SecureCode lar deg handle på internett med ekstra tryggheit.

Verified by Visa

Løysninga sørgjer for at partane, korthaldar og nettbutikk, blir autentisert overfor den andre parten.

Gjennom ein enkel kontroll stadfestar Verified by Visa identiteten din når du handlar i butikkar merka med Verified by Visa. Det er bekvemt, og det fungerer med ditt eksisterande Visa-kort hvis du har fått tilbud om denne løysninga der du fekk utferda kortet ditt.

Slik fungerer Verified by Visa

Du betalar med kortet ditt på samme måte som i dag, men er du registrert for denne tenesta, og nettbutikken er merkt med Verified by Visa, vil du få beskjed om å taste inn passordet ditt for å få gjennomført betalinga.

Dette vil seie at korthaldar, i tillegg til å oppgi kortnummer og utløpsdato, må identifisere seg med ein kode mottatt frå kortutstedar. Koden kan vere eit passord eller ei sikkerheitsløysing som kortholdar kjenner att frå nettbanken sin, for eksempel BankID.

Bank ID og Java

Det er viktig å ha oppdatert Java-programvare på datamaskina for å få fullført ei betaling som skal godkjennast med BankID.
Benytt verktøyet på denne lenken for å kontrollere om datamaskina har korrekt versjon av Java installert.

Les meir om Verified by Visa på www.visa.no.

MasterCard SecureCode

MasterCard SecureCode er ein personleg kode som du nyttar ved handel på internett. Koden vernar deg mot at uvedkommande betalar med ditt kort på internett.

Det er berre i MasterCard SecureCode-tilknytta nettbutikkar at du vil bli beden om å taste inn koden din. I nettbutikkar som enno ikkje er knytta opp til tenesta, kan du bruke MasterCardet ditt på vanleg måte utan å taste inn koden.

MasterCard SecureCode virkar på alle datamaskiner med internettilknytning. Det er ingen spesiell programvare som må installerast for dette.

Skulle du likevel få problem bør du sjekke at ”Cookies” og ”JavaScript” er tilgjengeleg og at ”pop-up stopper” ikkje er aktivert på maskina.