Ekspresspakker

Har du noko som skulle vore sendt på ein rask og effektiv måte, raskare enn posten klarer å levere, og til ein gunstig pris? Våre ekspressbussar tar med ekspresspakker så langt det er plass.

Det er enkelt å sende Ekspresspakker med Telemark Bilruter. Møt opp på haldeplassen, levèr pakka og betal direkte til sjåføren. Avsendar må avtale med mottakar slik at ekspresspakka blir henta på bussen når ho kjem fram. Merk sendinga tydeleg, med navn og telefonnummer til både avsendar og mottakar, slik at sjåføren kan melde frå dersom noko uførutsett skulle inntreffe undervegs. 

Prisar Ekspresspakker
Pris per kolli pr. 01.01 2015. (Enkeltkolli maks 30 kg)

Vekt pr. kolli0-250 kmover 251 km
0 -1 kilo 140,- 150,-
1,1 - 5 kilo 160,- 200,-
5,1 - 20 kilo 220,- 270,-
20,1 - 30 kilo 290,- 340,-

NB! Me kan ikkje ta med ekspresspakker på strekningar med bussbytte (det finns unntak, ta kontakt med kundeservice).

Før sending
Godset må pakkast forsvarleg, slik at det ikkje blir skadd eller kan gjere skade på annan bagasje.  

Frukt og grønnsaker
Frukt og grønnsaker transporteras berre når det er forsvarleg pakka.

Me kan dessverre ikkje frakte:

  • Kjøtt og fisk
  • Levande dyr
  • Farleg gods som drivstoff, gasstankar etc.

Ellers gjeld "Vedtekter for befordring av gods med Norges rutebiler".