Desse korta kan du kjøpe på alle Telemark Bilruter sine bussar og ved hovudkontoret i Seljord.

30 dagars periodekort Telemark

Alle 30 dagars periodekort kan nyttast uavgrensa på alle lokal- og ekspressruter i heile Telemark, unntatt tog, fleksiruter, Lavprisekspressen og TIMEkspressen Linje 1.

Vaksen 1360,- Gyldig for vaksne frå 30 år.
UngVaksen 440,-  Gyldig for unge vaksne mellom 20 og 29 år med gyldig legitimasjon.
Barn 300,-  Gyldig for barn mellom 4 og 15 år.
Honnør 700,-  Gyldig for personar frå 67 år og personar som har krav på honnørrabatt med gyldig legitimasjon.
Ungdomskort 300,-  Gyldig for ungdom mellom 16 og 19 år med gyldig legitimasjon.
Studentkort 440,-  Gyldig for studentar med gyldig studiebevis frå offentlege skular (vidaregåande skule, høgskule, universitet), private høgskular (f.eks. BI eller folkehøgskule).Bekreftelse på betalt semesteravgift må visast fram. 

Andre kort:

Strekningsbasert periodekort 15 eller 30 dagar: Uavgrensa antall reiser kun for fylkeskryssande reiser med ekspressbussar for vald reisestrekning. Spør om pris, på den aktuelle strekningen, hos sjåføren (Gjeld kun for bruk på Telemark Bilruter sine ekspressbussar)

Verdikort: Fyll på kortet med ein pengeverdi og kjøp enkeltbillettar med kortet til redusera pris. Dette gjev rabatt på vaksen enkeltbillett, ingen rabatt på barn og honnør. (Rabatt inntil 10% på ekspressbuss og 18% på lokalbuss) (Kortproduktet «verdikort» vil bli avvikla. Uteståande saldo må nyttast innan 30. juni 2019)

For å nytte våre elektroniske reisebevis må du ha eit Busskort frå Telemark Bilruter. Dette kjøper du enkelt på bussen fyrste gong, og det kostar kr. 50. Busskortet kan nyttast fleire gonger. Ta  alltid vare på og ha med deg kvitteringa på busskort og reisebevis.