Billett og reiseinformasjon ekspressruter

Foto: TBR

Her finn du informasjon om billettypar og reisevilkår gjeldande for ekspressrutene våre.

Billett og reiseinformasjon for våre ekspressruter:

Haukeliekspressen, Telemarkekspressen og Grenlandsekspressen.

Ved gjennomgåande billettering på lokal og ekspressrute så gjeld prisar og vilkår for ekspressruter.

Generelt om betaling for reise:

Alle som har krav på moderasjon må kunne forevise legitimasjon ved forespørsel.

Dei billigaste billettane med størst rabatt kjøper du på internett i god tid før du skal reise.

  • Enkeltbillett passar for deg som ikkje reiser så ofte.
  • Verdikort er ein fleksibel løysning for deg som reiser av og til.  
  • Periodekort er lønsamt for deg som reiser ofte.

Internett

Billettar for alle våre ruter kan kjøpast på www.telemarkbil.no

Informasjon om rutetider, reiseplanleggar og anna nyttig informasjon finn du på www.telemarkbil.no

Vaksen

F.o.m. den dagen ein fyller 16 år betalast vaksentakst.

Barn

Barnetakst inntil 50 % rabatt av vaksen enkeltbillett. F.o.m. dagen ein fyller fire år og fram til dagen ein fyller 16 år.

Barn 0-3 år reiser gratis, sett bort frå i grupper som vert betalt med barnetakst.

Honnør

Inntil 40 % rabatt av vaksen enkeltbillett.

Alle som har fylt 67 år, eller tek imot uførepensjon i folketrygda med gyldig bevis fra NAV.

Honnørmoderasjon blir gjeve på innanlandsruter til personar som:

  • er ektefelle/sambuar med og reiser sammen med person som har rett til honnørbillett etter punkta over
  • er blinde
  • mottar uførepensjon frå den norske folketrygdeetaten (NAV)
  • har fylt 67 år

Det gjevast ingen rabatt til ledsager. Unntak er døvblind som kan ta med seg ledsager gratis.

Gyldig legitimasjon må forevisast.

Studentar frå 16 år

Inntil 40 % rabatt av vaksen enkeltbillett.

Studentrabatt gjevast til studentar/elevar frå fylte 16 år. Godkjent legitimasjon er skulekort eller studentbevis (medrekna også digitalt studentbevis). Bekreftelse på betalt semesteravgift må visast fram. For studentar ved utanlandske institusjonar er kun ISIC-kort gyldig som legitimasjon.

Haustsemester er gyldig til og med 31. januar

Vårsemester er gyldig til og med 30. september

Studentrabatt vert gjeve til studentar med gyldig studiebevis frå offentlege skular (høgskule, universitet, vidaregåande skule) og private høgskular (f.eks. BI og folkehøgskule).

Rabatten gjeld ikkje for studiebevis frå bl.a. Folkeuniversitetet og andre tilsvarande skuletilbod, vaksenopplæring/arbeidstrening finansiert av NAV og vaksenopplæring/språkundervisning for flyktningar.

ISIC Card Digital studentID app

Hvis du har forhåndskjøpt studentbillett og ikkje kan forevise gyldig dokumentasjon, så må du betale tilleggsgebyr. 

Vernepliktige

Vernepliktig får 90 % rabatt av vaksen enkeltbillett. Minstetakst lik minstetakst vaksen. For vernepliktige soldatar (korporaler/menige) inne til førstegongsteneste samt befalskuleelevar/militære lærlingar/HV-mannskap og repetisjonssoldatar på øvelser/kurs gjevast det moderasjon.

Innkalling til førstegongsteneste eller vernepliktsbok/blått ID-kort må visast fram uoppfordra ved påstigning.

Tur/returbillett

Inntil 25 % rabatt på returreisa ved kjøp av tur-/returbillett. Tur-/returbilletten kjøpt på buss gjeld i 30 dagar. (Obs: tur/retur billett kan ikkje kjøpast for alle bilettkategoriar)

Fribillettar

Fribillett utgjeve av Telemark Bilruter gjeld på alle Telemark Bilruters ruter. På samkøyrande ruter gjeld kvarandres fribillettordning i hht. avtaler. (Gjeld ikkje der det offentlege har ansvar for reisa, t.d. skulereiser og sjukereiser.)

Verdikort/reisekort generelt

Verdikort og periodekort er eit elektronisk busskort frå Telemark Bilruter. Kortet kostar kr. 50 og kan kjøpast og fornyast med ny periode eller fyllast opp på bussen. Busskortet kan nyttast fleire gonger. Ta alltid vare på og ha med deg kvitteringa ved bruk av kortet. Meir informasjon om våre reisekort her. (Kortproduktet «verdikort» vil bli avvikla. Uteståande saldo må nyttast innan 30. juni 2019)

Skuleskyss

Elevar i barne- og ungdomsskulen, og i vidaregåande skular som er tilkjent fri eller delvis fri reise til og frå skule, skal uoppfordra nytte elektronisk skulereisekort ved kvar tur. Kortet skal vera påført elevens namn. Meir informasjon om skuleskyss her.

Elevar på vidaregåande skule som ikkje har gyldig skulereisekort med på reisa må betale. Ved kontroll utan gyldig billett kan det utskrivast gebyr.

Grupperabatt

Inntil 25 % rabatt for grupper over ni personar ved samla betaling.

Reservasjon av plass til grupper 

Grupper på ni eller fleire reisande som ikkje har kjøpt billett på telemarkbil.no, må reservere plass på eige skjema seinast kl. 14:00 siste virkedag (man.-fre.) før reisa.

Krav om bruk av setebelte

Passasjeren er pålagt å bruke setebelte jfr. "Forskrift om bruk av personlig verneutstyr" av 21/9 1979 nr. 7. Ved myndighetskontroll blir passasjeren ilagt gebyr dersom regelen ikkje vert etterlevd.

Barn som reiser åleine

Skal vera i skulepliktig alder og kunne ta ansvar for seg sjølv. Barnet skal følgjast av føresette ved påstigning, og må kunne vise fram namn, adresse og telefonnummer til føresette som møter barnet på den aktuelle haldeplassen. Det er dei føresettes sitt ansvar når barn reiser åleine med ein ekspressbuss.

Sikring av barn i buss

  • For barn under tre år skal det nyttast godkjent sikringsutstyr som er tilpassa barnet, eller slikt utstyr i kombinasjon med ordinært setebelte. Når slikt utstyr ikkje er tilgjengeleg, skal ordinært bilbelte nyttast på eigna måte.
  • Barn over tre år skal bruke ordinært setebelte på eigna måte.
  • Har du behov for sete for spedbarn må du ta med deg dette sjølv.

Bagasje

Kvar passasjer kan ta med seg to kolli bagasje, samla inntil 30 kg, som plasserast i bagasjerommet. Handbagasje takast fritt med så lenge den kan få plass ved eige sete. Fleire kolli og vekt over 30 kg, må det betalast tillegg for. Bagasje må merkast tydeleg med eigars navn, adresse og telefonnummer. Det er ikkje høve til å ta med bagasje som kan gjere skade på annan bagasje, som til dømes flytande væske, frosne og ferske matvarer som kjøtt og fisk m.m.

Barnevogn

Samanleggbare barnevogner kan fritt takast med så lenge det er plass.

Syklar

Syklar takast med i den utstrekning det er plass. Det betalast barnetakst for sykkel, og betaling skjer ved påstigning.

Ski og snobrett

Skiutstyr skal vera forsvarleg pakka slik at det kan fraktas trygt i bussens bagasjerom. Skiutstyr fraktas gratis.

Pulk og surfebrett

Vi kan ikkje garantere plass til pulk då vi må prioritere plass til bagasje for dei reisande. Pulk tas med så lenge det er plass.

Jaktvåpen og ammunisjon

Våpenet må være forsvarlig pakka i futteral, våpenkuffert eller tilsvarande. Våpenets hoveddel oppbevarast saman med eventuell ammunisjon i bussens bagasjerom. Vital del, som sluttstykke eller liknande skal haldast avskilt frå hoveddel og må derfor tas med inn på bussen.

Ståhjuling

Det er ikkje tillate å ha med ståhjuling i våre ekspressbussar.

Levande dyr

Av omsyn til passasjerar med astma og allergi er det diverre ikkje tillate med dyr om bord i ekspressbussen. Unnatak frå dette er førarhund, tenestehund og servicehund* i teneste/opplæring, som er tillate og befordres fritt.

*) Skal identifiserast med vest og /eller skriftlig dokumentasjon.

Rullestol

Dei fleste bussane er i dag utstyrt med rullestolheis i samsvar med "Universell utforming av motorvogn", og transport skjer på desse vilkåra. Reservebuss har ofte ikkje slikt utstyr.

Av hensyn til sikkerheiten er det kun mogleg å ta med brukarar med manuelle rullestolar, eller lettare elektriske rullestolar. Rullestolen må ha feste for stropping. Brukarar av større og tyngre rullestolar kan ikkje takast med på grunn av avgrensingar i heis og sikringsutstyr. Rullestolen kan dessverre ikkje overstige måa; lengde 120 cm, bredde 70 cm, høyde 109 cm og totalvekt på 300kg. 

Rullestolbrukarar som har behov for eigen plass til rullestolen om bord på bussen, må reservere plass seinast kl. 14:00 siste virkedag før reisa (man-fre) på telefon 35 06 54 00 eller på e-post til post@telemarkbil.no.

Ansvar og erstatning for bagasje

Selskapet er ikkje ansvarlig for tap eller skade på bagasje, med mindre det skuldast aktløyse frå selskapets side. Me anbefalar derfor at den reisande teiknar reiseforsikring.

Refusjonsreglement

Telemark Bilruter og Telemark Ekspressbusstrafikk (begge selskap er her angitt med forkortinga TBR) sine billettar og reisekort/busskort refunderas ikkje. Det finnes nokre enkeltunnatak, som er nemnt her:

  • Mista/stole busskort

Refunderast ikkje, uavhengig av om det er bruka eller delvis bruka. 

  • Defekt/øydelagt busskort

Elektronisk reisekort/busskort som er defekt/har slutta å virke, erstattas kostnadsfritt. Er kortet påført ytre skade eller ikkje blitt handsama på ein korrekt måte, refunderast det ikkje.

Same gjeld dersom kunde har fått feil reisekort eller enkeltbillett, og det skuldast feil gjort av TBR. I tilfelle der dette ikkje kan gjeras av sjåføren, må det rettas eit refusjonskrav til TBR.

  • Andre årsaker

Ingen refusjon. TBR kan likevel vurdere heil eller delvis refusjon i særskilde tilfelle.

  • Ekstra utgifter

Hvis ein kunde får ekstra billettutgifter i forbindelse med kort som er defekt, refunderast reelle utgifter for normalt inntil tre dagar ved å legge fram eit krav om refusjon til TBR. Dette gjeld berre dersom ikkje anna midlertidig ordning er avtala med TBR.

  • Berekning av refusjon

Refusjonsverdi reknas ut etter ei vurdering av kor mykje som er att av verdi som ikkje kunde har fått nytta.

  • Krav om refusjon

Kunden skal fylle ut gjeldande skjema for krav om refusjon og legge ved kopi av naudsynt dokumentasjon på kravet i form av kvitteringer m.m. TBR kan nekte refusjon dersom dei meiner kunden ikkje kan legge fram god nok dokumentasjon.

  • Utbetaling av refusjon

Utbetaling av eventuelt beløp som skal refunderast skjer til kunden sin oppgjevne bankkonto. Ei refusjonsutbetaling skjer ikkje før pengane frå salet refusjonen er knytt til er kome inn på TBR sin konto. Dette gjeld også ved tilfelle etter pkt. 2. Ingen refusjonar blir gitt ved kontantutbetaling, kun til kundens bankkonto.

  • Erstatningskort

Kundar som treng erstatningskort etter defekt/øydelagt kort vil få tilsendt nytt kort etter nærare avtale med TBR. Det må påreknas nokre dagar for å få det på plass. Reisebevis i mellomtida avtalas mellom kunden og TBR.

  • Verdikort

Ubrukt saldo på verdikort refunderast ikkje. Ubrukt saldo på verdikort kan slettas tidlegast to år etter påfyllingstidspunktet. (Kortproduktet «verdikort» vil bli avvikla. Uteståande saldo må nyttast innan 30. juni 2019)

Gyldigheit av billettar kjøpt på bussen

Billettar kjøpt på bussen er gyldig berre for den oppgjeve avgang og reisedato og for den reisestrekning dei er utskrivne for. Billetten må betalast før avreise. Det vert ikkje gjeve kreditt. Billett sjåast på som eit reisedokument på buss, og må vere tilgjengeleg under heile reisa.

Straffetakst

Passasjerar som ved kontroll ikkje kan vise gyldig billett eller kort, skal betale tilleggstakst tilsvarande det dobbelte av taksten for enkeltbillett for den aktuelle distanse. Minimum straffetakst er kr 500.

Bruk av mobiltelefon

Av omsyn til medpassasjerar oppmodar me alle til å avgrense mobilbruken og setje telefonen på lydlaus.

Røyking/alkohol

Det et ikkje lov å røyke eller å nyte alkohol om bord i våre ekspressbussar. Forbodet gjeld også bruk av e-sigaretter.

Synleg berusa personar kan bli nekta adgang, eller bli bedt om å gå av bussen.

Reisegaranti

Les Telemark Bilruters reisegaranti på Reisegaranti på kollektivtrafikk.no.

Generelle vilkår

Busspassasjerettighetsforordningen