Vilkår for kjøp av billett på nett

Desse vilkåra gjeld for billettar som blir kjøpt på telemarkbil.no.

Reiseplanleggar og nettbutikk

Det er NOR-WAY Bussekspress som driftar vår reiseplanleggar og nettbutikk på telemarkbil.no. 

Strekkode eller referansenummer må kunne visast fram under heile reisa. Det er kundens ansvar å sørgje for at strekkode eller referansenummer er tilgjengeleg. Dersom andre nyttar seg av desse, vil billetten bli ugyldig for kunden.

Billetten kan berre nyttast på oppgitt reisestrekning, dato og avgangstid den er skriven ut for. Dette gjeld også for returreise.

Kunden er sjølv ansvarleg for å kontrollere at ...
- korrekt reiserute, avgangstid og dato er vald.
- korrekt billettype er valt, og kan vise gyldig legitimasjon.
- korrekt e-postadresse er lagt inn ved kjøp.

Billetten kan ikkje endrast men kan refunderast ved avbestilling seinast 24 timar før første avgangstid på billetten. Tur-retur-billettar blir rekna som ein billett, og kan berre refunderast heilt ut. 

Ved feilbestilling refunderer me billetten dersom du nyttar dette skjema umiddelbart (maks ein time) etter kjøp.

Ved refusjon av billettar blir pengane automatisk tilbakeført til det same betalingskortet som vart nytta ved kjøp. Ein slik tilbakeførsel tar vanlegvis inntil fem virkedagar.

Billettsalet på nett kan i somme høve stenge inntil fem timar før passeringstid. Kunden må derfor sørgje for å kjøpe billetten i god tid for å vera sikker på å få dei beste prisane. Når billetten vert kjøpt på bussen, vil prisen normalt vere høgare enn på nett.

Dersom nedetid eller andre tekniske problem inneber at det ikkje er mogleg å kjøpe billettar på telemarkbil.no, må billettar kjøpast på bussen. Når billetten vert kjøpt på bussen vil prisen normalt vera høgare enn på nett. Den oppgitte prisen under "Kjøp nå" gjeld berre ved kjøp av billett på telemarkbil.no.

Kjøp av billett frå utlandet

Det er mogleg å kjøpe billett på www.telemarkbil.no frå utlandet. Unntak er kredittkort som er utferda i USA, dei aksepterast dessverre ikkje ved kjøp av billett på www.telemarkbil.no.

Ved spørsmål, gjer vel å kontakte kundeservice.