Foto:

Her finn du oversikt over tilgjengelege billettypar for Telemark Bilruter. Informasjon om moglegheten for å kjøpe billett, finn du i vår reiseplanleggar.

Link til reiseplanleggar

Spar tid og pengar - kjøp billett på nett!

Kjøper du billetten din på telemarkbil.no før du reiser, får du alltid ein billigare pris enn om du kjøper billetten på bussen. Ekstra billig blir det hvis du kjøper tur og retur på same billett.

Enkeltbillettar og kort:

  • Enkeltbillett: Passar for deg som ikkje reiser så ofte.
  • Verdikort: Fleksibel løysning for deg som reiser av og til.
  • Periodekort: Lønsamt for deg som reiser ofte.

Prisar og informasjon om våre reisekort finn du her

Prisar:

Prisen på ein bussbillett vil variere ut ifrå om du kjøper på førehand på telemarkbil.no eller direkte av sjåføren. Som hovuddregel vil det alltid vera billigare å kjøpe billett på nett i staden for å kjøpe den hos sjåføren. Den enklaste måten å finne eksakt pris på er å søkje opp reiseruta di i vår reiseplanleggar. Vanlegvis kan du kjøpe billett på nett minst 30 dagar på førehand, og i nokre tilfelle lengre fram i tid.

Mine kjøp

Når du kjøper billett på telemarkbil.no kan du velge om du ynskjer å registrere deg som kunde, eller bare kjøpe som gjest. Dersom du velger å registrere deg, vil du under "Mine kjøp" ha full oversikt over alle dine tidligare kjøp på telemarkbil.no når du loggar inn. Dermed blir det enkelt å hente opp billetten, eks. på mobilen, når du står på farten. Dersom du vel å kjøpe som gjest, må du oppgje e-postadresse. Denne brukar me til å sende deg ei kvittering. I tillegg må du oppgje eitt mobiltelefonnummer.

Betaling

Betalinga for billettar kjøpt på telemarkbil.no skjer trygt og sikkert gjennom 3D-secure hos vår samarbeidspartner Netaxept. Du kan nytte Visa, Visa Electron, MasterCard og Maestro.