Kenneth tek styringa i Telemark Bilruter

– Eg likar utfordringar, tek det meste med eit smil men er også bestemt når det trengst! Det seier Kenneth Lindquist (56) som frå 1. august tek over som konsernsjef i Telemark Bilruter med 200 tilsette på laget. Lindquist har over 35 års røynsle frå transport- og logistikknæringa både i Norge og internasjonalt.

– Som ny konsernsjef i eit selskap som så smått starta i 1910: Korleis vil eigarar, tilsette og kundar merke at Kenneth tek styringa?

– Dei vil oppleve ein leiar som er synleg, inkluderande og har stort engasjement. Eg er open og ærleg, liker lagspel, har godt nettverk og stor kompetanse innanfor transport og logistikk. Eg er heller ikkje redd for å ta i eit tak der det trengst!

Alt som 7-åring fekk Kenneth vere med på å køyre lastebil og hjullastar, og oldemor Thea var den fyrste kvinnelege bussjåføren og taxisjåføren i Drammen i 1917. Yrkesvalet var nok ikkje heilt tilfeldig.

– Eg blei lært opp til at ein måtte jobbe for å få noko! Som tenåring sende far meg til Osram-Fabrikken for å lære den tunge vegen. Der arbeidde eg med lagertenester og lærte fort fabrikk-logistikk. Vegen gjekk vidare innan logistikkverda, og eg angrar ikkje ein dag på vala eg har gjort.

Nybygget viktig satsing

– Pandemien har gitt taparar og vinnarar innan reiselivs- og transportnæringa. Kva er det som gjer at Telemark Bilruter vågar å satse så kraftig nett no - mellom anna 100 millionar kroner på nytt hovudkvarter i Seljord?

– Eg trur nybygget er ei viktig satsing no! Selskapa som er innovative og tenker framover vil vinne tillit i marknaden. Styret har dei siste åra vist evne til å satse og bygd ein solid strategi for konsernet. Her ser eg mange spennande moglegheiter i selskapa framover!

– I dine augo: Kva er dei største utfordringane til Telemark Bilruter?

– På kort sikt å få alle bussruter opp og gå der dei var før pandemien. På lang sikt er det å få alle sedskapa til å jobbe saman på tvers - hand i hand.

Aldri utlærd

– Du har arbeidd blant anna i Nor-Cargo, Posten Norge, DHL og no sist Viking International Transport og Spedition. Kva er dine sterkaste sider som leiar?

– Eg ser dei tilsette, er synleg, tilgjengeleg, lyttar og jobbar på alle plan. Så har eg stor gjennomføringsevne, ser moglegheiter men også utfordringar. For meg er det viktig å involvere dei tilsette i prosessar og avgjersler.

– Og kva kan du bli betre på?

– Oi... Senke tempoet ein smule. Ein er aldri utlærd. Eg har ei innstilling til at ein lærer noko nytt kvar dag!

– Kor er Telemark Bilruter om 10 år?

– Eg trur me er langt framme  på fleire område. Eigarskapet vil nok vere lokalt som i dag. Me skal vere eit selskap som er kjent for å ha kvalitet i alle ledd, me er lette å få tak i og yt like god service til både private og næringslivet. Tryggleiken skal også vere i førarsetet i alt me gjer.

– Er marknaden tilbake til normalen og me gjer dei rette tinga framover, så vil me ha dobla omsetjinga og sitje att med 4-6 % på botnlina. Me må vere dyktige til å lese marknaden, sjå trendar og snu oss raskt. Det er stikkord for å lukkast, avsluttar den nye konsernsjefen i Telemark Bilruter. I august er han på plass, og om nokre månader er familiehytta i Vrådal innflyttingsklar for pendlaren frå Drammen!

Visjonær lagspelar

– Telemark Bilruter søkte etter ein dyktig leiar med kommersielt tankesett og gjennomføringskraft. Kvifor valde de nett Kenneth Lindquist som ny konsernsjef?

– Me valde Kenneth på grunn av hans lange røynsle som leiar både nasjonalt og i internasjonale selskap. Han er visjonær og stend fram som ein lagspelar som evnar å få med seg alle. Han har også stort nettverk og god kunnskap om transportbransjen!
Det seier personal- og økonomisjef Tellef Solås som styrer Telemark Bilruter til Lindquist tek over. Solås, styret og eksternt rekrutteringsselskap har saman leita seg fram til Kenneth Lindquist som den rette.

Forventingar

– Kva forventingar har eigarar og styre til den nye leiaren?

– Når Norge har som mål å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2030 og halvere CO2-utsleppa, får dette fylgjer for både offentleg sektor og næringslivet. Transportsektoren må ta sin del av ansvaret for å gjere sektoren grøn. Det inneber at også konsernet Telemark Bilruter må rigge sine verksemder for det grøne skiftet, seier styremedlem Marie Bergsli.

– Kenneth har vist at han gjennom å initiere prosjekt hos tidlegare arbeidsgjevar, har hatt fokus på forretningsutvikling og innovasjon som ein del av ei grøn utvikling. For Telemark Bilruter som har som mål å skape langsiktig lønsemd og bidra til lokal verdiskaping tufta på det grøne skiftet innan transportsektoren, er denne røynsla viktig.

TEK STYRINGA: Kenneth Lindquist er den nye konsernsjefen i Telemark Bilruter. (Foto: Styrk Fjærtoft)