Gjennomgående billettering

Informasjon til reisande som nyttar NW182 Telemarkekspressen og NW180 Haukeliekspressen i kombinasjon med lokalruter i Vest-telemark.

Gjennomgående billettering:

Frå 1. juli 2019 vil ikkje Telemark Bilruter drifte lokalbussar i Vest-Telemark. Ny operatør er Vy. Frå denne datoen vil det ikkje vera mogleg å kjøpe gjennomgåande billett mellom våre ekspressbussar og lokalbussane i Telemark. Kundane vil fortsatt kunne reise med ekspressbussane som har forbindelse til lokalbussane, men må kjøpe billett for både ekspress og lokalbuss.

Eksempel på strekningar der det tidlegare har vore mogleghet for gjennomgåande billettering:
• Ekspressbuss til Seljord og lokalbuss vidare til Kviteseid- Vrådal- Fyresdal /Nissedal-Treungen og motsatt veg.
• Ekspressbuss til Åmot og lokalbuss vidare til Dalen/Haukeli/Rauland-Rjukan og motsatt veg.

Me anbefalar kundane våre å gjera fylgjande:
• Hvis du reiser ein strekning der våre ekspressbussar går, så søk reise og kjøp billett på www.nor-way.no eller på bussen.
• Hvis du reiser ein strekning der du må nytte både lokalbuss og vår ekspressbuss så bruk nasjonal reiseplanleggar www.en-tur.no for å sjå reisestrekningane, og gå så inn på www.nor-way.no og kjøp billett for strekningen du reiser med ekspressbussane våre. Billett til lokalbuss kan blant anna kjøpast på bussen.

Ny operatør for lokalruter i Vest-Telemark og Bø fra 1. juli 2019:

Vy er ny operatør og telefon nummer til kundeservice er: 40705070. Det er Telemark Fylkeskommune som er ansvarleg for planlegging og drift av lokalbusser i Telemark, og informasjon om lokalruter finner du på deres nettside www.farte.no eller ved å sende e-post til farte@t-fk.no