Reiseinformasjon
Takstar og rabatter
Skrevet: 2. desember 2012
Utdrag av takstreglar for lokale ruter i Telemark og
ekspressruter frå 9.desember 2012:
INTERNETTBILLETTAR
Billettar for Haukeliekspressen, Telemarkekspressen,
Grenlandsekspressen og Suleskarekspressen kan kjøpast på
Internett: www.haukeliekspressen.no,
www.telemarkekspressen,
www.grenlandsekspressen.no
og www.suleskarekspressen.no
1. ENKELTBILLETT
1.1 VAKSEN
Minstetakst Lokalruter: kr. 31,00 Ekspressruter:
kr.40,00
F.o.m. den dagen ein fyller 16 år betalast vaksen
takst i flg. ordinært takstregulativ.
1.2 BARN
Minstetakst Lokalruter: kr. 16,00
Ekspressruter:kr.20,00
Barn 0-3 år reiser gratis dersom det ikkje vert kravd eige
sete. F.o.m. dagen ein fyller 4 år og fram til
dagen ein fyller 16 år, betalast BARNETAKST, sjå takstregulativ.
Ved samla
reise av barn under 4 år i fylgje med barnehagepersonell o.l.
reiser høgst 2
barn fritt. Barn under 4 år som reiser åleine eller i fylgje med
barn under 4
år, må løyse billett.
1.3 HONNØR
Lokalruter: 50% rabatt
Minstetakstkr.16,00
Ekspressruter: 25% rabatt
Minstetakstkr.30,00
Honnørrabatt får norske
og utanlandske statsborgere:
a. Personar over 67 år.
b. Uføre som har uførepensjon etter Lov om folketrygd av 17.6.
66 nr. 12 § 8.3.
c. Blinde.
d. Ektefelle eller ledsagar med ledsagarbevis som reiser
saman med person som har rett til honnørrabatt
etter pkt.a, b, eller c.
Det skal krevjast godkjent legitimasjon som t.d. postverkets
identitetskort, bankkort, førarkort eller pass. Personar under
pkt. b må i tillegg ha legitimasjon frå trygdekontoret for
uførepensjon etter gjeldande lov. Anna form
for pensjon som f.eks. førtidspensjon, etterlattepensjon, el. anna
form for pensjon utover pkt. b. gjev ikkje rett til
honnørrabatt. Ledsager for døvblind har rett til fri reise.
1.4 MILITÆRRABATT
Vernepliktig mannskap (korporalar og menige) får 50% rabatt.
Vernepliktig i uniform som løyser gjenomgangsbillett
i forbindelse med Ekspressrutene får 90% rabatt. Minstetakst lik
minstetakst vaksen. -sjå takstregulativ. Rabatten vert gjeve
bare ved framvising av gyldig vernepliktskort.
1.5 FRIBILLETTAR:
NHO Transport fribillett og fribillett utgjeve av Telemark
Bilruter. På samkøyrande ruter gjeld
kvarandres fribillettordning. (Gjeld ikkje der det offentlege har
ansvar for
reisa, t.d. skulereiser og sjukereiser.)
2. VERDIKORT
Fyll opp kortet med ein pengeverdi på enten 500 kr, 100 kr.
eller 2000 kr. bruk verdikort til å kjøpe
enkeltbillettar. Vaksen enkeltbillett: ca. 18% rabatt. Ingen
rabatt for barn og honnør enkeltbillett. Rabattsatsene kan bli
endra. Verdikort saldo er gyldig i 2 år frå påfyllingstidspunktet.
Fyllast på busskort frå TBR (sjå pkt.13).
3. PERIODEKORT
Kortet kan nyttast utan grense for ant. reiser innan bestemt
reisestrekning og kalendermånad for 30 eller 15
dagar. Ta kontakt med sjåføren eller våre kontor for nærare
informasjon om prisar osv. Fyllast på busskort frå TBR (sjå
pkt.13).
4. SKULESKYSS
Elevar i Barne- og ungdomsskulen og elevar i Vidg.skular som er
tilkjent fri eller delvis fri reise til og frå skule, skal
uoppfordra vise fram gyldig skulereisekort ved kvar tur. Kortet
skal vera påført elevens namn med bilete av nyare dato. Bilete skal
vera stempla, klasse, skule, reisestrekning og
gyldighetsperiode.
Kan eleven ikkje vise gyldig skulereisekort skal det forlangast
betaling eller annen garanti for reisa.
5.STUDENTRABATT
Studentrabatt gjev 25% av ordinær vaksentakst avrunda opp.
Studentrabatt på enkeltbillett gjeld på alle ruter
både lokale og ekspressruter. Minstetakst er lik vaksen enkelt
billett.
Studentrabatt får:
- Elevar og Studentar som er 16 år og eldre og med gyldig
studiekort, påført navn,
bilde, studie-/skoleplass og tidsrom/varighet for undervisninga
(skolen må ha minst 3 månaders varighet.).
- Skuereisekort for vidaregåande elevar utstedt av Telemark
Bilruter, (som gjev rett til fri
reise på bestemte strekningar), kan godtakast som
student-/elevbevis på våre
lokal- og ekspressbussar.
- Elevane bør skaffe seg ordinært student/elevbevis som kan
nyttast som legitimasjon også
utanom våre ruter. (skolereisekort er i prinsippet ikkje noko
bevis, men eit
reisekort for ein bestemt strekning).
Studie-/elevbevis som er utstedt i samband med:
- haustsemester er gyldig til og med 31.januar
- vårsemester er gyldig til og med 30.september.
Skule-/studiestad som omfattast av rabattordninga er:
a. Offentlige skoler (høgskolar, vidaregåande skoler)
b. Private høgskolar, for eksempel BI
c. Folkehøgskolar
Skole-/studiestad som ikkje omfattast av rabattordninga
er:
a. Folkeuniversitet, korrespondanseskular og andre
tilsvarande skuletilbod
b. Vaksenopplæring/arbeidstrening finansiert av NAV
c.vaksenopplæring/språkundervisning for flyktningar eller
andre.
d. Lærlingar og vaksne i i full ervervsmessig
stilling.
6. STUDENTKORT
Pris kr. 370 for 30 dagar. Se pkt. 5 for krav for å kunne
kjøpe/nytte dette. Kan nyttas på våre lokal- og ekspressruter
innan Telemark. Fyllast på busskort frå TBR (sjå pkt.13). Kan
også nyttast på andre selskap og ekspressruter innan
Telemark, dersom den reisande kan syne busskort saman med
gyldig papirkvittering. Ved kontroll må den reisande kunne
legitimere at han/ho har krav på å bruke dette kortet.
Reisande med studentkort på VKT reisekort kan også nytte våre
lokalruter og ekspressruter innan Telemark. VKT reisekort kan ikkje
nyttast til kjøp/fornying av studentkort eller validarast hos
Telemark Bilruter.
7. UNGDOMSKORT
Prisen kr. 300 for 30 dagar. Kan nyttas på våre lokal- og
ekspressruter innan Telemark. Fyllast på busskort frå TBR
(sjå
pkt.14). Kan også nyttast på andre selskap og ekspressruter innan
Telemark, dersom den reisande kan syne busskort saman med
gyldig papirkvittering. Ungdomskort kan kjøpast av dei som er
mellom 16 og t.o.m. 19 år. Kortet kan også kjøpast av elevar
i vidaregåande skule før fylte 16 år og etter fylte 20 år, men
berre i skulemånadene og da mot framvising av gyldig
skulebevis. Ved kontroll må den reisande kunne legitimere at
han/ho har krav på å bruke dette kortet.
Reisande med ungdomstkort på VKT reisekort kan også nytte våre
lokalruter og ekspressruter innan Telemark. VKT reisekort kan ikkje
nyttast til kjøp/fornying av studentkort eller validarast hos
Telemark Bilruter.
8. GRUPPERABATT
Minigruppe for ekspressruter er ca.13% rabatt på vaksen
eller honnør enkeltbillett. Minstetakst
-sjå takstregulativ.
9. TUR-/RETUR BILLETT
Ca 13% rabatt på returreisa ved kjøp av tur-/returbillett.
Tur-/returbilletten gjeld i 30 dagar. For rett takst sjå
takstregulativ.
10. HAUKELIKORTET
Kundekort innkjøp kr. 500,- pr. år, 33 % rabatt på
enkeltreise Voksen på Haukeliekspressen/Telemarkekspressen. Ta
kontakt for bestilling.
11. DAGSBILLETT BØBUSSEN
Reis så mykje du vil med Bøbussen (rute 116) same dagen
for 40 kr. Billett med synleg dato må forevisas sjåføren ved
påstigning.
12. REISEGODS - HÅNDBAGASJE - HUNDAR
12.1 HÅNDBAGASJE
Fritt i bagasjehylle, på fang eller under setet. Må ikkje
plasserast i bussens midtgang.
12.2 REISEGODS Ordinært reisegods inntil 30 kg. gratis.
Takast med så lenge plassen tillet.
12.3 BARNEVOGNER Gratis. Takast med så lenge plassen
tillet.
12.4 SYKLAR, SPARKSTØTTINGAR, STØRRE KJELKAR O.L.
Barnetakst max kr. 150,-. Takast med så lenge plassen
tillet. Syklar i forb. med Telemarkskanalen kr.50,-
12.5 SKI, SMÅ KJELKAR, AKEBRETT Gratis. -Ski og stavar skal
være sammanbundne.
12.6 HUNDAR
Barnetakst, Hundar skal vera i band og ikkje plasserast i
passasjersetet, men på golvet eller etter tilvising frå sjåføren.
Flg.
hundar reiser fritt:Førarhund saman med blinde, Politihund saman
med politi i uniform, Skjødehund på passasjerens fang. Hund
vært ikkje teke med på Haukeliekspressen.
13. BUSSKORT
For å kjøpe elektroniske reisebevis som til dømes
ungdomskort, studentkort og periodekort
må ein ha eit Busskort frå Telemark Bilruter. Dette kjøper du
enkelt på bussen fyrste gong, og kostar då kr. 50. Busskortet
kan nyttas fleire gonger. Ta alltid vare på og ha med deg
kvitteringa på busskort og reisebevis.
VED GJENNOMGÅANDE BILLETTERING TIL EKSPRESSRUTENE
SKAL TAKSTREGLAR og RABATTAR FOR DESSE NYTTAST!
Sjå forøvrig øvrige takstreglement som gjeld for Telemark
Bilruter sine ruter.
Det tas atterhald om feil og at takstar og rabattar kan bli
endra løpande.
For lokale reiser med Telemark Bilruter innan Aust-Agder, ta
kontakt med oss for nærare informasjon om takstar.
UTDRAG AV «VEDTEKTER FOR REISER MED RUTEBIL OG FOR OPPHALD PÅ
RUTEBILSTASJON»
Alle som er i rutebilar eller på rutebilstasjonar må fylgje
desse vedtekter, og pålegg som blir gjevne av førar eller
stasjonsleiar.
På- og avstigning skal berre finne stad på fastsette stoppestader,
dersom slike fins. Det skal til vanleg løysast billett ved
påstigning.
Billetten må takast vare på under reisa, og skal kunne visast ved
kontroll. Reisande må sjølv kontrollere at det er teke mot rett
billett og vekslepengar. Feil må ein seie frå om med ein gong.
Reisande som ved kontroll ikkje kan vise gyldig billett/kort må
betale tilleggsavgift.
Reisande må vise omsyn til andre reisande. Det er forbode å røykje
eller nyte rusdrikk. Føraren elle stasjonsleiaren kan vise bort
personar som ikkje rettar seg etter dette. Reisande kan fritt ha
med seg inntil 20 kg bagasje pr. billett. Tyngre eller større
bagasje kan mot betaling takast med dersom det er plass. Bagasjen
må ikkje plasserast til hinder for andre reisande. Føraren kan
tilvise plass. Rutebilselskapet er ikkje ansvarleg for tap av skade
på bagasje som det ikkje er betala for, om det ikkje er visa grov
aktløyse frå selskapets side. Er det betala frakt, er selskapet
ansvarleg for tap eller skade i samsvar med «Vedtekter for
befordring av gods med Norges Rutebiler». Reisande har ikkje krav
på erstatning ved avvik frå ruteplanen når dette er grunna i
trafikkhindringar, vognskader o.l. Dette gjeld og korrespondansar.
Vert ei rute innstilt undervegs, vil selskapet syte for vidare
transport, dersom dette er mogleg. Klager på transporten,
selskapets tilsette o.l. skal rettast til selskapets
kontor så snart råd.
Reisegarantien
Les Telemark Bilruters reisegaranti på transport.no.