Haukeliekspressen 25 år

I samband med festkveld på Quality Straand Hotel i Vrådal laurdag 19. november vart 25 år med Haukeliekspressen markert.

13. desember 2011

I samband med festkveld på Quality Straand Hotel i Vrådal laurdag 19. november for tilsette i Telemark Bilruter vart 25 år med Haukeliekspressen markert her ved dei einaste av sjåførane som har vore med sidan oppstarten: Bjørn Midtbø t.v. og Tore Odden t.h.

Bjørn Midtbø Og Tore Odden

 

Haukeliekspressen har sine aner attende til Automobillaget Haukeli som vart skipa i 1911 dvs. for 100 år sidan med ruta Dalen - Breifond som starta opp 15. juli 1911.

Allereie i 1912 var HSD-bilane inne i bilete som samarbeidspartnar og seinare vart det sommarrute Odda - Bø. I 1967 kom heilårsvegen over Haukeli og då også heilårsruta Odda - Bø.

 

Hausten 1986 starta Haukeliekspressen å køyre fredag, laurdag og sundag mellom Oslo og Haugesund . Våren 1987 vart ruta utvida til ein dagleg avgang i kvar retning.

I 1989 vart nattruta på fredag og sundag starta og frå 1992 også daglege nattavgangar.

 

Haukeliekspressen har i dag 3 daglege avgangar kvar veg Oslo - Haugesund/Bergen + nokre lokalavgangar Vest-Telemark - Oslo. Etter våre berekningar har vi transportert over 3 mill. passasjerar saman med vår samarbeidspartnar Tide Buss (tidlegare HSD) over Haukelifjell i desse 25 åra.