Telemark Bilruter heidra jubilantar

Telemark Bilruter arrangerte festkveld for sine tilsette med fylgje på Quality Straand Hotel i Vrådal laurdag 19. november

13. desember 2011

Våre jubilantar vart heidra med utmerkingar. På bilete ser ein frå venstre Disponenten i Telemark Bilruter Svein Olav Straand som stod for utdelinga, avdelingsleiar Per Waagen med TL's heidersteikn for 25 års teneste, sjåfør Tore Midtsund med 25 års teneste og TL's heidersteikn, Tore Odden fekk Noregs Vels Medalje for 40 års teneste, teknisk sjef Åsmund S. Kroken og sjåfør Jan Otto Tvetenstrand både med 25 års teneste og TL's heidersteikn og til sist styreleiar Birger Nygård som også stod for overrekkinga.