
Det ligg både geografi og historie bak realitetane i rutebilselskapet Telemark Bilruter AS
Namnet kom som ein konsekvens av fusjonen mellom Vest-Telemark Bilruter LL og Grenland Nord trafikkselskap as i 1998. Begge selskapa hadde solid stamtavle i porteføljen.
Vest-Telemark Bilruter hadde naturleg nok røtene sine i Vest-Telemark. Det fyrste bilrutetiltaket på desse kantar slo rot i Fyresdal i 1909. Året før hadde den fyrste rutebilen her i landet kome på hjul.
I 1910 kjøpte "Fyresdal Automobilselskab" ein franskbygd bil - ein "La Buire" - og etablerte den fyrste bilruta i Vest-Telemark! Den rutebilen var ein av 320 bilar her i landet på det tidspunktet og fekk det kongelege registreringsnummeret H 7.

Fyresdal Automobilselskab. Den franskbygde bilen "La Buire" med det kongelege registreringsnummeret H 7.
I 1911 sette framsynte karar i Vinje og Mo hjul under eit prosjekt som det lyste framtid av - å "skjusse med motorvogner fraa Dalen yver Haukelidfjell og sidevegjer".
Dermed var "Automobillaget Haukeli" ein realitet.

Automobillaget Haukeli.
Det voks fram fleire billag i Lårdal, Mo, Rauland og Vinje i åra som fylgde.
Me finn spor etter rutebilpionerar i alle desse bygdene, mellom andre Bjørn Gardsjord i Rauland/Vinje og Olav Lie og sønene hans i Skafså.
I Seljord entra dei rutebilalderen i 1919 med "Seljord Automobillag". Turisme, hotell og reiseliv var hovudgrunnlaget for alle desse bilrutene.

Seljord Automobillag. Buss på ruta Flatdal-Seljord-Bø. Bø stasjon.
Truleg tidleg i 1920-åra. Bilmerke: Studebaker. Sjåføren er Tor Sannes,
Flatdal. Han køyrde i mange år. Det hende han måtte bera mjølsekker
opp Sandsdalbakken når motoren ikkje orka. Bussen blei i daglegtale
kalla "Sannesen".
Det var også drivkrafta bak den vidare veksten lenger sør i Vest-Telemark. I 1920 vart bilruta Treungen-Vrådal-Smeodden (Kviteseid) etablert med den legendariske rutebilpioneren frå Nissedal, Tjostov Fossli, ved rattet.

I 1920 vart bilruta Treungen-Vrådal-Smeodden (Kviteseid) etablert med den legendariske rutebilpioneren frå Nissedal, Tjostov Fossli, ved rattet.
På Straand i Vrådal hadde det vore skysstasjon i lange tider då automobilen blei utvikla. Både Olav Straand, sonen Johan og sønene hans att, skyssa med hest i alle retningar i tiår etter tiår. Dei dreiv gjestgjeveri og hotell òg. I 1917 kjøpte Johan Straand seg bil - ein Devids 7-setar. Det blei ikkje den siste. Den eine bilen etter den andre med spennande namn kom til Johans stall - Briskov, Dogde, Durant, Ford og Chevrolet.
Det kunne bli rutebilselskap av slikt, og det blei det - Straand Bilruter.
Dermed var det rutebilselskap både i Fyresdal, Nissedal og Vrådal.
I 1952 slo dei tri rutebilselskapa seg saman til F.V.N.-Billag AS. Då hadde billaga i dei øvre bygdene i Vest-Telemark alt ni år tidlegare fusjonert til Vest-Telemark Billag LL.

Straand Bilruter. "Blåen". Chevrolet lastebil med vedgass og fullt lass. 1938 modell. Vedgass frå 1943.
I den 20-årsperioden som nå fylgde, var mange dyktige rutebilmenn med og drog rutebilnæringa i Vest-Telemark framover. Det er særleg grunn til å nemne disponentane Olav Hovelsrud i Vinje og Jon Straand i Vrådal. Dei hadde vore sterke drivkrefter kvar på sin plass i lang tid før fusjonen i 1972 og heldt energisk fram i eit uvanleg godt og konstruktivt samarbeid etterpå.
Alt på 1950-talet var ei samanslåing av alle rutebillaga i Vest-Telemark på tale. I 1972 blei det ein realitet. Det nye selskapet fekk namnet Vest-Telemark Bilruter LL.

Vest-Telemark Billag, Seljord Billag og Fyresdal/Vrådal/Nissedal Billag gjekk inn i det nye selskapet Vest-Telemark Bilruter LL 1972.
Dei røynde leiarane heldt fram i mange år, men i 1976 henta styret inn ein ynge kar - Kjell Gunnar Heggenes. Han vart disponent ei tid seinare og kom til å spele ei avgjerande rolle i utviklinga av dette rutebilselskapet så å seie ut heile hundreåret, fyrst og fremst saman med eit nytt skot på Straand-stamma, nåverande disponent Svein Olav Straand.
I boka "Bakke opp og bakke ned" (Utg. 1997) kan ein lese meir spennande historie om framveksten av rutebildrifta i Vest-Telemark!
|